Færøyene: Ulike land har valt ulike reguleringar, og lagt vekt på ulike interesser og omsyn. I den nye boka kan du lese om korleis viktige fiskerinasjonar har valt å løysa disse spørsmåla. Her ser vi «Christian í Grótinum».Ill.foto: Jógvan H. Gardar
Færøyene: Ulike land har valt ulike reguleringar, og lagt vekt på ulike interesser og omsyn. I den nye boka kan du lese om korleis viktige fiskerinasjonar har valt å løysa disse spørsmåla. Her ser vi «Christian í Grótinum».Ill.foto: Jógvan H. Gardar

Ny bok om fiskerireguleringer

«Fiskeri - mange løsninger» er ei bok av Óli Samró. Boka skildrar fiskerireguleringane i dei viktigaste fiskerinasjonane i verda.

Leserinnlegg
Skrevet av3. desember 2017 09:23

Óli Samró er frå Færøyane, født i 1963, utdanna økonom. Samró har vore sjølvstendig fiskerikonsulent i over 25 år.

Boka hans skildrar fiskerireguleringane i dei viktigaste fiskerinasjonane i verda. Truleg den einaste boka som omtalar fiskerireguleringane «world wide». Dette er aleine nok til at fiskeriinteresserte vil kunne finna boka interessant.

I alle land er det mogeleg å fiska meir enn bestandane toler. Det er difor naudsynt med reguleringar, som skal syta for at bestandane ikkje blir overfiska. Verdiane av fiskeressursane skal òg fordelast på ulike interesser. Ulike land har valt ulike reguleringar, og lagt vekt på ulike interesser og omsyn. I boka kan du lese om korleis viktige fiskerinasjonar har valt å løysa disse spørsmåla.

Mange av reguleringane er òg eldre enn mange er klar over. Det er såleis positivt at forfattaren ikkje berre omtalar korleis reguleringa er i landa, men òg omtalar reguleringshistorikken til enkelte land.

Motstridande omsyn

I ei slik bok må forfattaren velja kva land som blir omtalt. Dei viktigaste landa, rekna etter pengar og volum i fiskerinæringa, er prioritert. Fiskerinæringa si rolla i enkeltland blir òg omtala. Det siste bidreg til forståing av reguleringane. Dei økonomiske verdiane av ulike fiskeri blir òg samanlikna. Dette er positivt.

Ferskvassfiske og oppdrettsfisk er valt bort. Konsekvensen er at land med relativt viktig sjømatnæring, som t.d. Tyrkia og Vietnam, ikkje blir omtalt, men avgrensingane er fornuftige.

Reguleringane er svært ulike. Det er ofte motstridande omsyn, I Noreg er t.d. distriktsomsyn tillagt stor vekt. På Falklandsøyane er det motsett. Der er fiskerettane leid ut til utanlandske selskap. Boka fortel kvifor.

Mange land har lovar som skal hindra utlendingar i å få kontroll over fiskeressursane. Det er interessant at boka ikkje berre fortel kva land dette er, men òg fortel om lovene verkar i praksis eller ikkje.

Mange land har lovar som skal hindra utlendingar i å få kontroll over fiskeressursane

Det første kapittelet er om historie, og forfattaren skriv at fiskeriforvaltningar er fleire hundre år gamle. Kanskje fleire tusen år gamle. S amró startar med omtale av lofotlova av 1816. Det kunne vore interessant med døme på verkeleg gamle reguleringar. T.d. at gulatingslova, frå før 930, innehaldt reguleringar av fiske. Reguleringar vidareført i Magnus Lagabøte si landslov frå 1274, og som gjaldt heilt fram til Christian V si norske lov av 1687.

Når forfattaren omtaler 17 land, og EU, er det grenser for kor grundig reguleringane kan omtalast. Spesielt interesserte lesarar kan nok stundom ønska grundigare handsaming av enkelte land. Dette kan vera ein svakheit, men for lesarar flest er omtalen tilstrekkeleg å få eit overblikk over reguleringane i landa. For detaljerte omtaler ville truleg òg gjort boka mindre interessant, og forfattaren synest å gjort gode prioriteringar.

zoomBilde
Ask Økland, advokat i Pelagisk Forening

Får perspektiv

Boka omtalar berre land der forvaltninga er resultat av politisk prosessar, anerkjente juridiske rammer, og registrert hjå Food and Agriculture Organization of the United Nations. Boka omhandlar likevel nokre land med eit meir tvilsamt politisk styresett. Dette er positivt, då det set reguleringar meir i perspektiv.

Noko av det beste med boka er at lesarane vil forstå at det er mange ulike måtar å regulera fisket på, og at ulike omsyn blir vektlagt ulikt frå land til land. Kunnskap om reguleringane i andre land, vil òg gje betre forståing av norske reguleringar.

zoomBilde
«Fiskeri - mange løsninger», av Óli Samró (foto).185 siderEige forlag

I vår del av verda ligg havforskinga til grunn for reguleringane. Forsking, og forvaltning, kostar. Det kunne difor vore interessant å visst i kva grad dei enkelte landa nyttar ressursar på slikt. Til ein viss grad kan boka òg nyttast som oppslagsverk. Det gjer boka ekstra interessant.

Boka omtalar ikkje reguleringar i detalj. Det ville òg sprengt alle rammer. Ein norsk fiskebåtreiar som ønsker å starta fiskeri eit anna land vil såleis ikkje kunne slå opp i boka, og fordjupa seg i detaljreguleringane i det aktuelle landet.

Kjeldelista er imponerande. Den syner fagleg tyngde. Kjeldelista gjer det òg lettare for spesielt interesserte lesarar å finna ut kvar han kan lesa meir om bestemte emne.

Alt i alt er dette ei svært interessant bok, for deisom er interessert i fiskerireguleringar, historikk, og omsyna bak reguleringane.

Diverre får ein ikkje kjøpt boka i bokhandlarane. Truleg kan boka kjøpast direkte frå forfattaren og/eller på nett.

(Ask Økland har bidratt forfattaren med korrekturlesing og språklege råd)

( VILKÅR )

Kommentarer

Kommentarfeltene er midlertidig stengt. Dette skyldes at dagens ordning er i strid med Fiskeribladets GDPR-regler.
Om GDPR

Vennlig hilsen
Øystein Hage, redaktør.

FASTE SKRIBENTER
SKRIBENTER
 
Få nyheter rett inn i innboksenI tillegg får du: Ledige stillinger, rubrikkannonser og daglige vitser.
Fiskeribladet
Sandbrogaten 5 - 7
5003 Bergen
Org nr 911 650 924
Sentralbord
55 21 33 00
Vi benytter cookies X Lukk infoFiskeribladet AS bruker teknologi som informasjonskapsler (cookies) og annen sporingsteknologi for å analysere trender, administrere våre tjenester, spore brukeradferd og til å samle informasjon om hele vår brukerbase. Uregistrerte brukere kan skru av slik sporing i browser innstillingene på enheten de bruker ved å skru på «ingen sporing». Les hele vår cookie policy...