Annonse
Bergen. <span>Foto: Florian Seiffert/Flickr</span>
Bergen. Foto: Florian Seiffert/Flickr

Ressursforsking på Fiskebåtmøte i Bergen

Pressemelding
Redaksjon

19. november 2017 13:57

Ressursforsking i pelagisk fiskeri blir ei av hovudsakene i samband med årsmøtet til Fiskebåt Vest i Bergen 5. desember.

Havforskingsinstituttet stiller med tre av sine fremste forskarar, Aril Slotte , Leif Nøttestad og Bjarte Bogstad, under tittelen "Ressursforskning i pelagisk fiskeri - makrell, norsk vårgytende sild og lodde".

- Dette er eit ekstra sentralt tema i år sidan det har vore ein del diskusjon rundt metodane og beregningsmodellen som havforskarane brukar, seier Nina Rasmussen, avdelingsleiar i Fiskebåt.

Men det er ikkje berre ressursforsking som er på agendaen i samband med årsmøtet til Fiskebåt Sør i Bergen.

- Finansiering av nybygg er noko fiskebåtreiarane alltid er opptatt av. Det er viktig med gode ordningar, som gjer at vi kan få ein meir moderne og miljøvenleg fiskeflåte. Vi har difor invitert GIEK-direktør Wenche Nistad og Stig Gjethammer i Eksportkreditt, til årsmøtet for å fortelje om dei muligheitene som fiskeflåten kan gjere seg nytte av, seier Rasmussen.

For å løfte blikket litt internasjonalt, kjem også den færøyske forfattaren Óli Samró til Bergen for å snakke om flåtestruktur og ressursrente i Nordaust Atlanteren.

- Vi har sett saman eit spennande program, og er glad for at vi har fått så sentrale innleiarar, seier Rasmussen.

Annonse
 
Få nyheter rett inn i innboksen
Fiskeribladet
Sandbrogaten 5 - 7
5003 Bergen
Sentralbord
55 21 33 00