Annonse
Fiskeriminister Per Sandberg (Frp) og næringsminister Monica Mæland (H).<span>Foto: Fartein Rudjord</span>
Fiskeriminister Per Sandberg (Frp) og næringsminister Monica Mæland (H).Foto: Fartein Rudjord

Milliardar til havforsking

Forskning

12. oktober 2017 10:11

Oppdatert: 12. oktober 2017 10:31

9,2 milliardar til forsking og innovasjon, nye «sløydsalar» for næringslivet og meir til havforsking er blant tiltaka som skal sikre og skape fleire arbeidsplassar.

I 2018 vil regjeringa bruke over ni milliardar kroner på næringsretta forsking og innovasjon, inkludert berekna skattefrådrag frå Skattefunnordninga og Kapitalfunn. Det er ein auke på om lag 4,3 milliardar kroner frå 2013. Over ein milliard kroner er ei styrking av program og ordningar i Noregs Forskingsråd, Siva og Innovasjon Noreg.

Regjeringa foreslår i 2018 å løyve 100 millionar kroner til nye testsenter for næringslivet, såkalla katapultsenter. Her kan bedrifter og forskingsmiljø teste ut sine idear og løysingar.

Nytt forskningssenter

Regjeringa vil styrkje Noreg sin profil som ei leiande havnasjon. Vi vil ha meir kunnskap om nye marine artar og Arktis.

- I åra som kjem skal Noreg utvikle ny havbasert industri. I budsjettet foreslår vi derfor å løyve pengar til å auke den blå kunnskapen. Det skjer både ved å auke løyvinga til forsking, og ved å styrkje forskingsmiljøa. Vi har lagt fram ein havstrategi som skal bidra til å realisere næringspotensialet som ligg i havet, no følgjer vi opp, seier fiskeriminister Per Sandberg (FrP).

Regjeringa vil auke innsatsen innanfor havbruksforsking og nye marine artar med 14 millionar kroner. 

Regjeringa foreslår også å løyve 11 millionar kroner til eit forskingstokt i Antarktis og setje av 5 millionar til eit senter for hav og arktiske spørsmål som skal ligge i FRAM-senteret i Tromsø. Senteret blir oppretta 1. januar 2018.

Det nye senteret skal organiserast under leiing av ei styringsgruppe som er sett saman av representantar frå UIT, Havforskingsinstituttet, Polarinstituttet, Akvaplan-Niva, Nofima og Innovasjon Noreg. Desse vil få i oppgåve å utarbeide arbeidsplan og modell for styring, leiing, organisering og drift av det nye senteret. Nofima skal vere sekretariat for det nye senteret.

Regjeringa foreslår også å auke løyvinga til Innovasjon Noreg med 10 millionar kroner for å styrkje Noreg sin profil som leiande havnasjon. Vidare foreslår vi ei løyving på 30 millionar kroner til marine og maritime pilot- og demonstrasjonsprosjekt gjennom Innovasjon Noreg.

Vil tryggje maritim kompetanse

Store deler av maritim næring opplever store utfordringar. Mange sjøfolk har mista jobben, skip ligg i opplag og mange selskap har tapt omsetning og lønnsemd. Regjeringa foreslår derfor å gi over 2 milliardar kroner i tilskot til sysselsetjing av sjøfolk i 2018.

- Vi må sikre norsk maritim kompetanse, rekruttering av sjøfolk og at reiarlaga får konkurransedyktige vilkår, seier Mæland.

Annonse
 
Få nyheter rett inn i innboksen
Fiskeribladet
Sandbrogaten 5 - 7
5003 Bergen
Sentralbord
55 21 33 00