Sjømat Norge vil ikkje nekte landingar
Annonse

Sjømat Norge vil ikkje nekte landingar

Marked
Redaksjonen

14. september 2017 09:57

zoomBilde
VIL IKKJE NEKTE: Kyrre Dale er fagsjef pelagisk i Sjømat Norge. 

Eit forbod mot landingar av makrell frå Island og Grønland vil berre ramme norsk fiskeindustri, skriv Sjømat Norge i ei pressemelding

Reiarorganisasjonen Fiskebåt har bedt norske styresmakter vere restriktive med å la den islandske- og grønlandske flåten levere makrell til norske mottak. Dei viser til at Island og Grønland står utanfor kyststatavtala på makrell. 

- Fiskebåt meiner at den islandske og grønlandske fiskeflåten ikkje skal få levere sine makrellfangstar til Norge, så lenge dei krev ein urettmessig stor del av makrellkvota, og vel å stå utafor ein kyststatsavtale, skriv Fiskebåt-direktør Audun Maråk i eit brev til Nærings- og fiskeridepartementet. 

Sjømatnorge meiner dette vil byggje ned norske mottak. 

- Vi er einige om at makrellfisket som Island og Grønland driv, snarast må over i ein regulert avtale. Men vi bør ikkje sette inn eit einsidig tiltak frå norsk side som ikkje har verknad. Landingsnekt er eit svært dårleg forslag for industrien i Noreg. Ingen let fisken vere att i havet, sjølv med eit slikt forbod. Makrellen vil bli tatt opp og finne vegen til marknaden likevel, seier fagsjef industri i Sjømat Norge, Kyrre Dale, i pressemeldinga. 

Han viser og til dårlege erfaringar frå liknande forbod.

- Då Noreg stogga Færøyingane for nokre år sidan på same måten, bygde dei opp ein ny og effektiv industri der borte. Det har gjort sitt til at vi i Noreg har mista råstoff. Den fisken vert seld i konkurranse med norskprodusert fisk. Vi blir med andre ord skadelidande.

Kommentarer

Har du en mening om denne saken? Delta gjerne i debatten her i Fiskeribladet. Vi setter pris på sterke meninger, og i våre kommentarfelt skal det være høyt under taket. Vi tolererer ikke trakassering, trusler eller hatefulle meninger. Vis også respekt for andre debattanter. Vær saklig og husk at mange kan se hva du skriver. Tenk derfor nøye gjennom hvordan du ønsker å fremstå.
Vennlig hilsen Øystein Hage, redaktør.

Annonse
 
Få nyheter rett inn i innboksen
Fiskeribladet
Sandbrogaten 5 - 7
5003 Bergen
Sentralbord
55 21 33 00