Annonse
LESARBREVSKRIBENT: Kjetil Hestad, samfunns- og miljøkoordinator i Tombregruppen.<span>Foto: Bent-Are Jensen/Intrafish</span>
LESARBREVSKRIBENT: Kjetil Hestad, samfunns- og miljøkoordinator i Tombregruppen.Foto: Bent-Are Jensen/Intrafish

Behovet for betre kontroll

Leppefiskfisket må kontrollerast betre for å sikre ei berekraftig forvalting, skriv Kjetil Hestad, samfunns- og miljøkoordinator i Tombregruppen.

Leserinnlegg
Skrevet av

9. august 2017 05:00

Oppdatert: 9. august 2017 12:29

Ein vakker sommardag i juli går eg om bord i ein 23 fots Tobias, eg er med på leppefiskfiske i Hardangerfjorden med Terje Rosseland og Torkjell Vik. Dei to har drive med leppefisk i ti år og er veteranar på dette feltet. Dei to yrkesfiskarane som jobbar for Tombre gruppa har 398 teiner dei bruker, og dagane vert lange for dei, men dei er glad i sjøen og er stolt over det arbeidet dei gjer.

Teine etter teine med leppefisk vert dratt, og eit nøyaktig sorterings arbeid frå dei to fiskarane startar. Me må være veldig nøye med at den fisken me leverer er av rett størrelse og kvalitet seier Torkjell Vik. Den fisken som ikkje vert ført ned i brønnen vert skånsamt ført tilbake til havet.

Bli med på fisket: Endelig er leppefisksesongen i gang!

For oss i Tombregruppa er dette fiske eit viktig supplement i kampen mot lakselusa, men ved å produsera vår eigen oppdretta rognkjeks er målet at me etter kvart ikkje skal bruka villfanga leppefisk. Det er med all fangst og produksjon viktig at det er berekraftig.

I sommar er det mange fritidsfiskarar som har søkt og fått lov til å driva med leppefisk. Dei kan ha inntil 20 teiner i sitt arbeid. I Tombre gruppa er me glad for dette, og meiner dette kan være eit viktig element i rekrutteringa til fiskaryrket, men kontroll, oppfølging og opplæring meiner me må være eit krav for dette fritidsfiske. Fråverande kontroll og fiskehelse set berekrafta under press.

Det er med all fangst og produksjon viktig at det er berekraftig.

Me i Tombregruppa etterlyser meir kontroll av leppefiskfiske, og meiner at myndighetane i større grad bør være aktive med å føre kontroll med dei som driv på med leppefisk. Det er i dag for lite kontroll på dette feltet, ja me vil gå så langt som å sei at den er fråverande. Det er ingen som er tent med at det vert overfiska, eller at enkelte vert freista til å nytta fleire teiner enn det dei har løyve til. Me i Tombregruppa meiner at det kunne vore ein god ide å innføre ei prøveordning med merking av alle teiner med eit oblat eller liknande for å lette eit kontrollarbeid.

Les også: Leppefiskstart og sydentur på vent

Eit anna viktig moment for oss er fiskehelse og fiskevelferd. Me veit at dei fleste yrkesfiskarane er flinke til å sortera, og føra fanga fisk skånsamt tilbake til havet om den ikkje tilfredsstiller kravet, men me fryktar likevel at mykje fisk dør som følgje av handtering. Korleis er det med bifangst av hummar og anna fisk, vert den ført tilbake til havet? Dette med fangst, sortering og handtering og fiskevelferd er tema som me ynskjer det må bli eit mykje sterkare fokus på både frå myndigheiter og næring.

Dei tener gode pengar leppefiskfiskarane og fortener kvar ei krone for det arbeidet dei gjer, og det er naturlegvis freistande for mange fritidsfiskarar å tene seg nokre ekstra kroner i sommarmånadane på eit slikt fiske. Me er ikkje på nokon måte imot det, men om dette fiske tek seg ytterlegare opp vil det, slik me ser det i Tombregruppa, på sikt bli overfiske. Me er opptatt av det kan bli behov for å konsesjonsbelegge dette fiske, og at dette er noko ein må diskutera ved dei årlege evalueringsmøta ein har etter endt fiskesesong.

Annonse
 
Få nyheter rett inn i innboksen
Fiskeribladet
Sandbrogaten 5 - 7
5003 Bergen
Sentralbord
55 21 33 00