Øystein Sandøy Foto: Kjersti Sandvik
Øystein Sandøy Foto: Kjersti Sandvik

- Eg et min laks med glede

Eg et min ovnsbakte laks med sitron, purre, persille, dill, og rause klattar seterrømme med det største velbehag, skriver Øystein Sandøy.

Kommentar
Skrevet av10. juli 2017 15:45

Her om dagen gjekk det eit program på NRK 1. Det var sikkert ei reprise no i agurktida, og hadde tittelen «Det norske lakseeventyret». Eg såg rett nok på det berre med eit halvt auge. Når ein ligg og dreg liner, så bør ein vel fyrst og fremst konsentrere seg om lineparten, og noko mindre om fjernsynet. Men eg hadde ingen vanskar med å få med meg vinklinga på det heile, og utgangspunktet for programmet, som gjekk på berekraft, og om laksen var så sunn mat som det blir påstått av næringa sjølv.

Det vil vere ein stor overdrivelse å seie at søkjelyset var rosenraudt, og at næringa vart skrytt opp i skyene. Nei, her var tydelegvis det store poenget å leite med lys og lykt etter ting å setje fingeren på, og hovudsakeleg fokusere på dei. Vi kan nemne i stikkordsform miljøproblem, luseproblematikk, negativ innverknad på villaksstammane, og alskens substansar som gjorde eit laksemåltid til reine risikosporten. Alt sjølvsagt backa opp av «forskning viser at...» 

zoomBilde
Norsk laks i fiskedisken til Carrefour i Madrid

Desse problema eksisterer heilt sikkert, og det er mitt bastante inntrykk at næringa sjølv går i bresjen for å løyse dei. Ikkje noko fornuftig menneske tek lett på at til dømes rømming og lus kostar store pengar over tid. Sjukdom likeeins. Men mitt store spørsmål er dette: Kvifor er det så på død og liv om å gjere å framstille denne næringa i eit negativt lys? Ville ikkje eikvar befolkning i einkvar nasjon vere stolte og glade for at ein hadde ei næring som framsynte og tiltøke personar hadde utvikla så å seie frå scratch? Ei næring som til fulle utnytta våre naturgitte fortrinn, bringa enorme valutainntekter inn til landet, sysselsette ein masse folk i elles utsette kyststrok, og hadde spinoff-effektar over heile landet. Kva er det med Ola og Kari? Stikk Jantelova så djupt at ein ikkje eig evne til å gle seg over ting som går godt, og som andre ville ha jubla hemningslaust over? Kvifor er glaset alltid halvtomt, og ikkje halvfullt?

Stikk Jantelova så djupt at ein ikkje eig evne til å gle seg over ting som går godt

For ei tid sidan kom mi gode venninne Kjersti Sandvik ut med boka «Under overflaten». Eg har ikkje lese henne, og bør difor vere varsam med å felle den harde dommen, men eg er blitt fortalt at i denne boka er dommen over næringa saktens hard nok. Og det er greitt at det sikkert er ting som kunne ha vore gjort annleis og betre, men vis meg det næringsliv som ikkje har ein eller annan negativ effekt. Og i rettferds namn; er det noka stor journalistisk bragd å stampe opp eit x antal personar som er misnøgde med eitt eller anna, og kanskje kritiske til det aller meste? Gjerne i ly bak ein finare tittel, som «professor», «forskar» eller «ekspert».

Eg et min ovnsbakte laks med sitron, purre, persille, dill, og rause klattar seterrømme med det største velbehag. Eg har heller ingen vanskar med å oppmode andre til å gjere det same, og eg er ikkje døyten uroa for at alskens substansar skal gjere meg sjølvlysande ein vakker dag. Dei som har blinka ut oppdrettsnæringa som eit potensielt Watergate, for seinare å framstå som dei nye Bob Woodward og Carl Bernstein kan godt prøve lukka andre stader enn i nærmaste laksemerd.

Men kva gjer ein ikkje for å kunne seie og skrive «vi kan i dag avsløre....».

( VILKÅR )

Kommentarer

Har du en mening om denne saken? Delta gjerne i debatten her i Fiskeribladet. Vi setter pris på sterke meninger, og i våre kommentarfelt skal det være høyt under taket. Vi tolererer ikke trakassering, trusler eller hatefulle meninger. Vis også respekt for andre debattanter. Vær saklig og husk at mange kan se hva du skriver. Tenk derfor nøye gjennom hvordan du ønsker å fremstå.
Vennlig hilsen Øystein Hage, redaktør.

Henter kommentarer Henter kommentarfelt...

Genetikk og logikk - om oppdrettslaks, villaks og islendinger

Leserinnlegg
7 kommentarer21. august 2019 09:39

- Tøff start på livet for laksen

Leserinnlegg
20. august 2019 10:00

- Vi må ikke ta havnæringene for gitt

Leserinnlegg
19. august 2019 15:12
FASTE SKRIBENTER
SKRIBENTER
 
Få nyheter rett inn i innboksenI tillegg får du: Ledige stillinger, rubrikkannonser og daglige vitser.
Fiskeribladet
Sandbrogaten 5 - 7
5003 Bergen
Org nr 911 650 924
Sentralbord
55 21 33 00
Vi benytter cookies X Lukk infoFiskeribladet AS bruker teknologi som informasjonskapsler (cookies) og annen sporingsteknologi for å analysere trender, administrere våre tjenester, spore brukeradferd og til å samle informasjon om hele vår brukerbase. Uregistrerte brukere kan skru av slik sporing i browser innstillingene på enheten de bruker ved å skru på «ingen sporing». Les hele vår cookie policy...