Det er nok no
Det er nok no
Arild Eidesen (t.v.) legger frem sin innstilling til fremtidens kvotesystem til fiskeriminister Per Sandberg. Foto: Nils Torsvik

Det er nok no

Eg døyper herved sjømatnæringa til «utvalsnæringa».

Kommentar
Øystein Sandøy

2. januar 2017 05:00

Desse linjene skrivast i god tid før jul, og det kan godt vere at dei er litt ute på dato når dei lesast. Men Eidesen-utvalet har no levert innstillinga si, og eg vil tru at i dei rette krinsar vil ho tene som julelektyre. Eg tvilar rett nok på om ho vil kunne måle seg med juleevangeliet som lesestoff i 2000 år.

Eg går ikkje inn på dei ymse konklusjonar i innstillinga. Desse vil bli smaka på, tygde og eventuelt spytta ut att, ikkje minst i spaltene til denne avisa. Vidare skal dei ein vakker dag handsamast i dei rette fora, og kanskje munne ut i konkrete vedtak og tiltak. Den som lever får sjå, men eg har ein mistanke om at skjegget er blitt ein tanke gråare innan dess.

«Den nye oljen» er eit omgrep som nyttast meir og meir. Med det meinast næringar som har vekstpotensiale, og som kan bli nye mjølkekyr når oljeinntektene minkar. Sjømatnæringa er peika ut som ein berebjelke, og så får tida vise om orda blir omsette i handling. Men per dato synes det som ei anna «næring» har ein vekst i eit tempo som burde få alle antenner ut hos dopingjegerane. Eg døyper henne herved til «utvalsnæringa».

Utvala aular som løvetann om våren. Ikkje før har eitt konkludert, og levert ei innstilling som gjerne får temperaturen opp under mange topplokk, så kjem det neste. I mellomtida kan våre styrande lene seg attende, og besvare alle spørsmål med den etter kvart velkjende frasen: «Vi må sjå kva utval ditt og kommisjon datt kjem fram til». Vinter og vår kjem og går, og ein vakker dag ligg det ein NOU på bordet. Denne er gjerne akkurat så kontroversiell at ingen torer å setje konklusjonane ut i livet. Tveterås-utvalet kan tene som døme. Kva gjer ein så? Jau, ein toar sine hender, og set ned eit nytt!

Det er greitt nok at ein ser nærmare på saker og ting, og at næringa sine utøvarar sit rundt same bordet og diskuterer i ordna former, assistert av naudsynt ekspertise innan dei ymse fagområde. Jus, forvaltning og så vidare. Men det har gått over støvleskafta, og dessverre er det svært ofte bortkasta tid og pengar. Våre styrande kjøper seg tid, pusterom og nokre liter vatn a’la Pontius Pilatus, men eg synes prisen er i ferd med å bli i stivaste laget.

I farten kan eg berre kome på eitt, einaste utval i nyare tid som verkeleg sette spor etter seg i sjømatnæringa, og der konklusjonane vart tekne til fylgje. Det tok attpåtil for seg det desidert vanskelegaste tema i fiskeria: Fordeling av ressursane våre mellom fartøygruppene! Det kunne vere ei leidarstjerne for seinare utval at dette, samansett av personar som i utgangspunktet var som hund og katt lukkast til dei grader. Ei bragd; eit meisterstykke! Det gav den norske fiskar det han meir enn noko anna etterspurde: Arbeidsro og våpenkvile!

Dette kan i verste fall tolkast som eit spark til Tveterås, Eidesen, og kva dei no heiter alle saman. Det er det ikkje! Desse har heilt sikkert gjort ein så god jobb som omstende og mandat tillot. Men det er nok no! Denne «næringa» har vakse seg urovekkjande stor, og er attpåtil dopa med det skumlaste av alle anabole steroid: Politisk – eller Pilatisk? - ansvarsfråskriving!

Godt nytt år.

Kommentarer

Har du en mening om denne saken? Delta gjerne i debatten her i Fiskeribladet. Vi setter pris på sterke meninger, og i våre kommentarfelt skal det være høyt under taket. Vi tolererer ikke trakassering, trusler eller hatefulle meninger. Vis også respekt for andre debattanter. Vær saklig og husk at mange kan se hva du skriver. Tenk derfor nøye gjennom hvordan du ønsker å fremstå.
Vennlig hilsen Øystein Hage, redaktør.

Annonse
 
Få nyheter rett inn i innboksen
Fiskeribladet
Sandbrogaten 5 - 7
5003 Bergen
Sentralbord
55 21 33 00