Uante muligheter i tang og tare
Uante muligheter i tang og tare
Tang og tare kan brukast til fôr.
Ill.foto: Thor Haakon Ulstad

Uante muligheter i tang og tare

Nedgang i oljeinntekter har stadfesta at Noreg treng eitt nytt økonomisk bein, bioøkonomien, omtala som «den nye økonomien», «det grøne skiftet».

Kommentar
Reid Hole, dekan ved Nord Universitet

22. desember 2016 05:00

EU fekk sin strategi i 2010, etter ti års diskusjon. Mange Europiske land følgde opp med eigne, meir spesifikke strategiar rett etter. 

Tilgang på energi kritisk

Men vi bør halda fast ved det overordna målet for den nye økonomien, ein maksimal temperaturauke på 1,5 °C i 2050 som det blei overnasjonal semje om i Paris i november 2015. Dette er den overordna bakgrunnen for utviklinga av bioøkonomien. Men står klimamålet i motsetnad til estimat frå FAO, som har kalkulert at i 2050 er vi vel ni milliardar menneske på jorda? Ein populasjon som treng 70 % meir mat om det skal vera kontroll med fattigdom, underernæring og sjukdom.

FAO konkluderer også at verda treng dobblet så mykje energi i 2050 samanlikna med forbruket rundt 2010. Regelmessig tilgang på nok energi er like kritisk for velferdssamfunnet som tilgangen på tilstrekkelege mengder sunn og trygg mat.

Biovitskap er avgjerande

Klimaekspertar konkluderer med at forbruket av fossil energi må vera stabilt dersom vi skal halda oss innafor klimamålet sett i Paris. For å dekkja behova for meir mat og energi er biovitskap og bioproduksjon avgjerande faktorar. Det store potensialet for auka bioproduksjon er i havet, vi kan «ausa av same havet» for å auka mat- og energiproduksjon.

For det første har landet fjord- og kystområder der råvarer som tang, tare og mikroalgar kan produserast som fôrråvarer som så blir nytta i kjøtproduksjon og oppdrett; for det andre kan vi hausta nye marine råvarer som t.d. krill og raudåte lenger nede i næringskjeda; og for det tredje er det område som kan nyttast til ulike former for produksjon av skjell, fisk m.m. Her ser vi konturane av ein veksande industri som saman med oppgradering av restråstoff frå både fangst og oppdrett kan bli stort, og med den utviklinga får distrikta fleire kompetansebaserte arbeidsplassar. SINTEF sin rapport «Verdiskaping basert på produktive hav i 2050» viser at nasjonen nyttar bare deler av potensialet i dag.

Har økonomi og kompetanse

Som nasjon har vi både økonomi og kompetanse for å utvikla den marine bioøkonomien. Det er mogleg å auka bioproduksjonen av t.d. råvarer til mange typar produkt med høg verdi, til fôr, mat og energi, ein kompetanse som også kan nyttast i andre land. Noreg har også ein styrke på forvaltings- og industrisida som andre land kan dra nytte av for å auka sin marine bioproduksjon. Slik sett har Noreg eit ansvar for å bidra til at vi legg grunnlaget for velferd for framtidige generasjonar som lever på ei jord der temperaturauken er under kontroll. Men vi må halda fast på at bioøkonomien er viktig også for å nå klimamåla, som ein tilleggseffekt vil vi også få auka velferd på jorda. Ambisiøst, ja, og det er mogleg. Også i den konteksten var lanseringa av bioøkonomistrategien den 29.11.2016 vel verd innsatsen til to ministrar. 

Kommentarer

Har du en mening om denne saken? Delta gjerne i debatten her i Fiskeribladet. Vi setter pris på sterke meninger, og i våre kommentarfelt skal det være høyt under taket. Vi tolererer ikke trakassering, trusler eller hatefulle meninger. Vis også respekt for andre debattanter. Vær saklig og husk at mange kan se hva du skriver. Tenk derfor nøye gjennom hvordan du ønsker å fremstå.
Vennlig hilsen Øystein Hage, redaktør.

Annonse
 
Få nyheter rett inn i innboksen
Fiskeribladet
Sandbrogaten 5 - 7
5003 Bergen
Sentralbord
55 21 33 00