Nyttige modellar i jakta på sjukdom
Annonse
Nyttige modellar i jakta på sjukdom
Oppdrettslaks (her av fin kvalitet). Ill.foto: Per Ståle Bugjerde, DN.

Nyttige modellar i jakta på sjukdom

Cellemodellar kan hjelpe oss med å finne dei viktige puslespelbrikkene når vi forskar på sjukdom og handtering av uønskte stoff i fisk.

Kommentar

15. desember 2016 21:35

Skrevet av: Forsker Sofia C. Remø, seniorforsker Elisabet Holen og forsker Liv Søfteland ved Nifes. 

Cellemodellar er nyttige verktøy for å lære meir om korleis fisk handterer stress, sjukdom og giftige stoff samt undersøke kva rolle ernæring spelar for alle desse.

Slike modellar vil aldri gje eit fullstendig bilete av kva som skjer i fisken, men vi kan finne viktige puslespelbrikker slik at vi får ein ide om kva vi skal leite etter. Kanskje vi kan prøve å finne hjørnebrikkene, og slik få på plass rammen?

Påverkar celler

Bruk av dyr til forsøk er strengt regulert av myndigheitene. Dette gjeld også fisk, som er det vi arbeider med på Nifes. I staden for forsøk på fisk, kan vi gjere forsøk i cellemodellar. Det vil seie at vi hentar ut vev eller celler frå det organet vi er interessert i, og så gjer vi forsøk med dei cellene.

Under heilt kontrollerte vilkår, som cellemodellar er, er det mogleg å undersøke korleis næringsstoff eller giftstoff aleine eller i kombinasjon påverkar celler frå eit enkelt vev.

Tenk deg at cellene er som tre fargeprøver som alle har same raudfarge. Til desse prøvene tilset du anten raudt, gult eller blått. Då vil du få tre ulike resultat og nye fargekombinasjonar i to av prøvene. På same måte kan vi bruke cellemodellar til å undersøke kva som skjer når vi til dømes gir cellene ulike næringsstoff, og måle kva endringar som skjer.

Grå stær hos laks

Eit godt døme er arbeidet vårt med grå stær hos laks. Dette er ei velferdsutfordring i fiskeoppdrett der linsa til fisken blir skada og fisken gradvis blir blind. Grå stær kan ha mange årsakar, både ernærings- og miljømessige faktorar speler inn. For å undersøke korleis linsa handterer ulike miljøutfordringar kan vi bruke heile linsa i ein cellekultur, og slik teste ting som vi elles ikkje kunne testa på levande fisk. Ein av tinga vi kan gjere, er å påføre linsa oksidativt stress, og sjå korleis linsa forsvarar seg. Slik kan vi lære meir om kva som skjer i linsa når fisken utviklar grå stær.

Informasjonen frå cellemodellar kan vi bruke når vi skal designe forsøk og teste ulike fiskefôr. Det er nyttig kunnskap når vi skal undersøke korleis miljøgifter påverkar fisk, og korleis fisken forsvarar seg mot sjukdomar. Då har vi nemleg funne ut kva vi skal sjå etter på førehand. Vi har funne den viktige puslespelbrikka. Vi har fleire døme på at vi får same svar når vi testar korleis celler og fisk handterer plantevernmiddel og sjukdom. Det vil seie at brikkene vi fann passa inn i det store biletet.

Aldri slutt med fiskeforsøk

I ein levande fisk vil det vere samspel og påverknad frå andre næringsstoff og kommunikasjon mellom ulike vev, slik at ein cellemodell aldri vil gje eit fullstendig bilete av reaksjonar og tilpassingar. Ein måte å lære meir om kommunikasjonen mellom ulike vev er å ha celler frå fleire vev i ein cellekultur samtidig. Då kan vi undersøke kva beskjedar som blir sendt ut og lære meir om korleis celler frå ulike vev snakkar og jobbar saman. Vi jobbar heile tida med å utvikle nye og betre modellar, som kan gje oss fleire og betre svar.

Vi vil aldri kunne slutte heilt med fiskeforsøk, fordi cellemodellar ikkje kan gje alle svar vi treng. Modellane kan ikkje brukast til å undersøke behov for næringsstoff, sjukdomsforløp eller grenseverdiar for miljøgifter. Men ved å etablere gode modellar, og få på plass dei viktige brikkene, vil vi få kunnskap som gjer at vi kan redusere talet på fiskeforsøk.

Kommentarer

Har du en mening om denne saken? Delta gjerne i debatten her i Fiskeribladet. Vi setter pris på sterke meninger, og i våre kommentarfelt skal det være høyt under taket. Vi tolererer ikke trakassering, trusler eller hatefulle meninger. Vis også respekt for andre debattanter. Vær saklig og husk at mange kan se hva du skriver. Tenk derfor nøye gjennom hvordan du ønsker å fremstå.
Vennlig hilsen Øystein Hage, redaktør.

Annonse
 
Få nyheter rett inn i innboksen
Fiskeribladet
Sandbrogaten 5 - 7
5003 Bergen
Sentralbord
55 21 33 00