- Høgre og Frp bygger ned Forsvaret
Annonse
- Høgre og Frp bygger ned Forsvaret
Liv Signe Navarsete (Sp). Foto: Øyvind Elvsborg.

- Høgre og Frp bygger ned Forsvaret

Senterpartiet har i lang tid vore djupt uroa over nedbygginga av Hæren, Heimevernet og kystforsvaret som regjeringa føreslår i LTP.

Kommentar
Liv Signe Navarsete, Senterpartiet

14. november 2016 22:17

Oppdatert: 16. november 2016 12:07

Ein Langtidsplan for Forsvaret skal naturleg nok innehalde plan for investeringar i alle avdelingane i Forsvaret. Denne er annleis.

Medan regjeringa legg ein plan for investeringar i Luftforsvaret og Sjøforsvaret, vil ein ikkje vedta plan for investeringar i Hæren og Heimevernet. Regjeringa hevdar seg så usikker på korleis Hæren og Heimevernet skal sjå ut i framtida at ein ikkje vil føreslå investeringsplan for desse avdelingane.

I Forsvarssjefen sitt fagmilitære råd (FMR) frå i fjor haust slo han fast at risikoen knytt til reduksjonar i landmakta «i liten grad kompenseres av NATO, med mindre det stasjoneres styrker på norsk jord til daglig, (..)» Forsvarssjefen stadfesta det all fornuft seier, at «uten evne til å yte motstand på bakken, er det en betydelig risiko for at en motpart kan nå sine territorielle mål uten at vårt nasjonale forsvar kan påvirke situasjonen». Å gjere oss avhengig av utanlandske styrkar permanent plassert på norsk jord, vil sjølvsagt redusere Noreg sitt politiske handlingsrom. Er dette ein klok strategi?

Senterpartiet ønskjer eit norsk forsvar slik det er tilrådd i ei rekke offisielle dokument og frå Forsvarssjefen i hans fagmilitære råd i fjor haust. Senterpartiet vil at Noreg skal ha ein sterk hær i tråd med det forsvaret så godt som alle våre NATO-allierte bygger opp. At Noreg risikerer å stå att saman med Island og Luxembourg som eit land utan ein mekanisert hær verkar ikkje som ein god strategi.

Dersom regjeringa er usikker på korleis Hæren og Heimevernet skal sjå ut i framtida, kvifor føreslår ein då byggje ned Hæren med 7000 soldatar, leggje ned Sjøheimevernet og leggje ned ei rekkje HV-basar?

Kommentarer

Har du en mening om denne saken? Delta gjerne i debatten her i Fiskeribladet. Vi setter pris på sterke meninger, og i våre kommentarfelt skal det være høyt under taket. Vi tolererer ikke trakassering, trusler eller hatefulle meninger. Vis også respekt for andre debattanter. Vær saklig og husk at mange kan se hva du skriver. Tenk derfor nøye gjennom hvordan du ønsker å fremstå.
Vennlig hilsen Øystein Hage, redaktør.

 
Få nyheter rett inn i innboksen
Fiskeribladet
Sandbrogaten 5 - 7
5003 Bergen
Sentralbord
55 21 33 00