Fleire bein å stå på
Annonse
Fleire bein å stå på
Flekksteinbit. Foto: Are Kvistad.

Fleire bein å stå på

Noreg har ei stor og lønsam akvakulturnæring, men den er heilt avhengig av laksefisk. Om vi utviklar ei meir diversifisert akvakulturnæring, så vil det styrka den marine bioøkonomien.

Kommentar
Reid Hole, dekan ved Nord universitet

26. oktober 2016 20:00

Kommentaren er skrevet av Reid Hole, dekan ved Fakultet for biovitskap og akvakultur Nord universitet.

Meldinga Verdiskaping basert på produktive hav (SINTEF 2012) peika på verdiskapingspotensialet i norske biomarine næringar, den marine bioøkonomien. I 2050 kan verdiskapinga vera 500 milliardar kroner. I det diskusjonane om realitetane i prognosane la seg, byrja oljeprisen å falla. I 2016 er eksportverdien ca. 250 milliardar.

På det høgaste var den rundt 450 milliardar. Fallet har stimulert diskusjonen om utviklingspotensialet m.a. i marin bioøkonomi.

Akvakultur femner også om dyrking av råvarer som tang og tare, og mikroalgar, verdfulle råvarer i fôr og mat, og med potensial til å bli ein viktig del av marin bioøkonomi. Alle tre kan nyttas som energi- og protein kjelder. Mikroalgar produserer også dei livsviktige Ω-3 feittsyrene, som det er global mangel på. Her har landet eit uforløyst potensial knytt til ei råvarenæring i ei verd som i 2050 treng 70 % meir mat.

Men kommersiell produksjon krev langsiktige industrielle investorar.
Lakseprisar viser over tid stor variasjon. M.a. av den grunnen treng denne næringa treng fleire bein å stå på. I dag har nasjonen ein produksjon på vel 2000 tonn av kveite, ein velsmakande og godt betalt fisk. Men flaskehalsen er framleis stabil yngelproduksjon og manglande nasjonalt avlsarbeid. Til samanlikning, avlsprogrammet på laks starta då produksjonen hadde nådd 700 tonn.

Flekksteinbit er ein annan art som kan bli svært interessant, også ein velsmakande art som er godt betalt, og som så langt ser ut til å vera relativt enkel å oppdretta.

Det har vore arbeidd med steinbit sporadisk i ca. 25 år. Selskapet AMINOR AS, Meløy kommune, Nordland, er i ferd med å industrialisera produksjon av flekksteinbit.

Reproduksjon og påvekst av steinbit blir vurdert som enklare enn for mange andre marine artar. Steinbit og laks produserer egg med omtrent same storleik. Den nyklekte yngelen er stor, noko som tyder på at dei kan leva godt på tørrfôr frå starten. Ved Fakultet for biovitskap og akvakultur har vi to doktorgradsstudentar som utviklar startfôr til yngel av flekksteinbit. Ei av stillingane er støtta av Nordland fylkeskommune. Ein post-doktor arbeider med spermkvalitet på flekksteinbit. Fakultetet dreg stor nytte av tidlegare forsking gjennomført på torsk og kveite i arbeidet med flekksteinbit.

Dersom Noreg t.d. om ti år skal ha to kvitfiskartar i kommersielt oppdrett, så er eitt nasjonalt avlsprogram for kveite og eitt for steinbit avgjerande. Kan NFD ta ansvaret for å starta desse?

Det må også utviklast solid forskingsbasert kunnskap om produksjon av kvalitetsyngel for begge artane, og forskingsmidlar må også stillast til disposisjon for biologar og teknologar for å utvikla optimale forhold for påvekst. Her kan Norges forskingsråd spela ei avgjerande rolle. Dette er to artar som er høgt verdsette av konsumentane og prisane blir ikkje påverka av store ilandføringar av villfanga fisk, slik røynslene er med torsk. Og, dei representerer to nye bein for marin bioøkonomi i Noreg.

Kommentarer

Har du en mening om denne saken? Delta gjerne i debatten her i Fiskeribladet. Vi setter pris på sterke meninger, og i våre kommentarfelt skal det være høyt under taket. Vi tolererer ikke trakassering, trusler eller hatefulle meninger. Vis også respekt for andre debattanter. Vær saklig og husk at mange kan se hva du skriver. Tenk derfor nøye gjennom hvordan du ønsker å fremstå.
Vennlig hilsen Øystein Hage, redaktør.

Annonse
 
Få nyheter rett inn i innboksen
Fiskeribladet
Sandbrogaten 5 - 7
5003 Bergen
Sentralbord
55 21 33 00