Vern matfjord og matjord
Annonse
Vern matfjord og matjord
LAKSEFJORD: Førdefjorden er arts- og fiskerik nasjonal laksefjord, også med stor sjømatnæring. Fjorden er truga av utslepp av fleire hundre millionar tonn gruveavfall og kjemikalier på avbilda stad i Vevring.
FOTO:PRIVAT

Vern matfjord og matjord

Regjeringa vil legge matjord under asfalt og tillate utslepp av gruveslam i matfjord. Det er tid for å styrkje fjordvernet.

Kommentar
Anne-Line Thingnes Førsund, fjordforkjemper

2. april 2014 10:10

Då landbruksministeren ville bygge ned matjord, reiste det seg kraftige protestar frå bondeorganisasjonar, fagmiljø, frå miljøhald og folk flest. Våre folkevalde i næringskomite på Stortinget har lytta til protestane og krev at regjeringa utviklar ein heilheitleg strategi for vern av matjord, for å å auke matproduksjon og sjølvforsyningsgrad.

I forrige veke godkjende kommunalminister Sanner reguleringsplan for mineralutvinning med utslepp av gruveavfall i Repparfjord. Om ikkje lenge kjem også saka om utslepp av gigantiske mengder gruveavfall Førdefjorden opp til avgjerd hos Sanner. Desse sakene vil skape presedens, det ligg mineralforekomstar langs ei rekkje fjordar.

Protestane på Sanner-vedtaket er særdeles kraftige frå villaks,- sjømat- reislivs- og miljøorganisasjonar, og det er tillyst demonstrasjon ved Stortinget laurdag.

Kunnskapsinstansar på mattryggleik og marine forhold, Mattilsynet, NIFES, Havforskninsginstituttet og Fiskeridirektoratet har på førehand frårådd utslepp av gruveavfall i fjordar.

Det er svært grov forureining som no kan komme i matfjordar. I Repparfjorden i Finnmark er det søkt utslepp av 2 mill tonn gruveslam, samt mellom 600-1300 tonn kopar og 232 tonn nikkel årleg.

I Førdefjorden er søkt utsleppt 6 mill tonn gruveslam årleg, samt 800 tonn svovelsyre, 720 tonn natriumsilikat, 720 tonn fosforsyreestere, 240 tonn karbinsyre og 15 tonn akrylamid, totalt fleire hundre mill tonn. Utsleppet vil også innehalde svært miljøskadelege nanopartiklar av titandioksyd (TiO2). Av utsleppet i Repparfjord er årleg 420.000 tonn finmasse, i Førdefjorden 600.000 tonn. Dette er svevstøv under 10 mikrometer, som vanskeleg søkk og vil reise langt og lenge.

Begge fjordane er straumrike, reine, rike nasjonale laksefjordar, der planlagde utslepp av gruveslam mellom anna rammar viktige gytefelt for torsk. I Førdefjorden er også havbruk ei stor næring.

I over 30 norske fjordområde er det allereie så forureina at det er frårådd å ete fisken i fjorden, og det pågår kostbar opprydding av gamle industriutslepp og deponi.

I februar slo forskarar ved Framsenteret alarm om at norske born og vaksne er på verdstoppen med 200-400 giftstoff i blodet, og Miljødirektoratet publiserte nyleg funn av så stor mengde miljøgift i sjøfuglegg at det vil påverke liv og helse. Miljødirektoratet som har rådd regjeringa til å starte nye gigantutslepp av gruveavfall i matfjordane, gjev på nettsida si ved direktør Ellen Hambro sjølv løysinga:

«Mange av de påviste miljøgiftene kan spre seg over store avstander med vind og havstrømmer(…) Resultatene fra denne undersøkelsen viser nok en gang at miljøgifter sprer seg til steder som burde være lite forurenset. Dette problemet blir vi bare kvitt ved å redusere bruken og utslipp av miljøgifter, sier Ellen Hambro, direktør for Miljødirektoratet»

Fjordane er vårt fantastiske, evig sjølvfornyande matfat, viss rett forvalta.

Fjordane er grunnlag for busetjing og næring langs heile kysten, samt unike naturfenomen og ei strek merkevare for Norge internasjonalt.

Vi treng ein heilskapleg strategi for vern av matjord og matfjord, som sikrar både matproduksjon, naturbaserte næringar og folkehelse.     

Denne kommentaren er skrevet av Anne-Line Thingnes Førsund. Hun jobber aktivit for vern av fjorder mot sjødeponi

Kommentarer

Har du en mening om denne saken? Delta gjerne i debatten her i Fiskeribladet. Vi setter pris på sterke meninger, og i våre kommentarfelt skal det være høyt under taket. Vi tolererer ikke trakassering, trusler eller hatefulle meninger. Vis også respekt for andre debattanter. Vær saklig og husk at mange kan se hva du skriver. Tenk derfor nøye gjennom hvordan du ønsker å fremstå.
Vennlig hilsen Øystein Hage, redaktør.

Annonse
 
Få nyheter rett inn i innboksen
Fiskeribladet
Sandbrogaten 5 - 7
5003 Bergen
Sentralbord
55 21 33 00