Dette er et debattinnlegg. Det gir uttrykk for skribentens holdning.

I fjor feira Fiskeribladet 100-årsjubileet sitt. Avisa som i alle år har vore eit svært viktig nyheits- og debattorgan for sjømatnæringa vår, hadde fleire arrangement og heldt ope hus i redaksjons-lokala i Bergen. Her møtte vi dei 30 som arbeider i Fiskeribladet/IntraFish, og vi fekk høyre fleire interessante innlegg om avisa si 100-årige historie.

Naturleg nok blei mediedekninga av sjømatnæringa òg diskutert. Når det gjeld fagpressa var nok konklusjonen at vi har ei god, variert og rikhaldig «sjømat-presse» som dekker næringa på ein god måte.

Olve Grotle i Bergen. Olve Grotle (H), fiskeripolitisk talsperson i Høgre. Foto: Jan Willie Olsen

Medium må bli betre på fiskeri

Fiskeribladet, IntraFish, Norsk Fiskerinæring, iLaks og fleire andre, følgjer godt med på det som skjer. Dagens Næringsliv har òg eit blikk på næringa.

Når det derimot gjeld massemedia er bilde eit anna. Og fleire spørsmål gjekk igjen hos deltakarane: Korleis blir fiskeri og havbruk dekka av den vanlege pressa? Får Noregs nest største eksportnæring dekninga den fortener, eller blir den oversett?

Her var det nok fleire som kom med hjartesukk og som meinte at NRK, TV 2 og alle avisene langt frå var nok opptatt av fiskeri og havbruk, tilarbeiding og eksport av sjømat, eller for den del leverandørar av utstyr og tenester til næringa.

Det er lett å vere samde i at media burde skrive meir om den fantastiske marine næringa vår, og absolutt mindre om alle influensarane og kva dei måtte meine om alt mellom himmel og jord.

Grunnrenteskatta fekk merksemd

Men korleis blir sjømatnæringa behandla samanlikna med andre næringar? Får olje- og gassnæringa som Noregs største eksportnæring mykje meir dekning? Eller dei maritime næringane? Prosessindustrien? Bygg og anlegg? Teknologi og IKT?

Eg synest det er vanskeleg å gjere seg opp ei kvalifisert meining om dette. Derimot set eg med eit bestemt inntrykk av dekninga har auka i massemedia dei siste åra.

Ein av dei store medievinnarane i fjor var i alle fall grunnrenteskatten på havbruk. Faktisk hadde lakseskatten fleire medieoppslag enn sjølvaste Erling Braut Haaland. Og det er ikkje berre lakseskatten som har opptatt media når det gjeld havbruket. Miljø- og fiskehelseutfordringane har òg fått stor plass.

Når det gjeld fiskeri har det vore fleire saker om sjølve kvoteordninga, den gode rekrutteringa til fiskeria, og ikkje minst; dei stadige eksportrekordane norsk sjømat har stått for.

Trur på betre dekning

Den siste tida har kvotemeldinga fått (uvanleg?) stor merksemd, og det toppa seg under framlegginga av meldinga i Tromsø på fredag den 12. januar. Då fiskeri- og havminister Cecilie Myrseth la fram regjeringa si kvotemelding, var det til ein så fullsett sal og med så brei og god dekning av media, at det blei eit eige samtaleemne. Sjølv blei eg intervjua om kvotemeldinga av NRK, fleire aviser, og eg deltok same ettermiddag i Dagsnytt 18 og etterfølgjande dag i Helgemorgon.

Media sin dekning av sjømatnæringa vår var forresten eit eige tema i Tromsø, kor Nordlys måtte forsvare mediebransjen. Sjølv om det var ulike meiningar om omfanget av dagens mediedekning, var det semje om ein ting. Media ser ut til å ha fått eit betre bilde av den enorme verdiskapinga og dei store ringverknadene norsk sjømat representer, og at det lover godt for ei betre og breiare dekning framover.

Erling Braut Haaland

Ein føresetnad for at media skal skrive meir om dei marine næringane og ikkje minst norsk fiskeripolitikk, er at dette er vekker interesse og skaper merksemd hos publikum. Skal dette skje må vi greie å gjere sakene og debattane lettare tilgjengeleg og forståeleg. Det blei òg omsnakka i Tromsø, og fleire gjorde gjeldande at sakene blir tåkelagt for folk flest gjennom eit språk og faguttrykk som nesten ingen forstår.

Vi må altså begynne å bruke ord og uttrykk som er enklare og lettare å forstå. Det burde vere ei oppgåve for oss alle, ikkje minst vi som deltar i det offentlege ordskiftet.

I november 2023 skrev avisa Daily Mail i Storbritannia at Erling Braut Haaland var vill etter norsk laks. Foto: PHIL NOBLE

Lakseskatten og Erling Braut Haaland konkurrerte som nemnt om mediedekninga i fjor. I november kunne vi òg sjå at kombinasjonen laks og kraftspissen frå Bryne er ein medievinnar. IntraFish kunne nemleg melde at den engelske avisa Daily Mail hadde slått stort opp at Erling Braut Haaland var vill etter norsk laks, og at han hadde sørga for at dette nå står på menyen på fotballarenaen Etihad i Manchester.

Så no slepp du å lure på kva superspissen har hatt som kampopplading neste gang han scorar hat-trick på heimebane!