STILLING LEDIG

Veterinærinstituttet er eit biomedisinsk beredskaps- og forskingsinstitutt som bidrar til å styrke norsk bioøkonomi. Som det leiande fagmiljøet i å forhindre helsetruslar mot fisk, dyr og menneske, har instituttet ambisjon om å bli senter for nasjonal beredskap innan éi helse. Ved sida av beredskap er kunnskapsutvikling og -formidling den viktigaste oppgåva til Veterinærinstituttet. Diagnostikk har stått sentralt heilt sidan starten i 1891. I dag er forsking, innovasjon, overvaking, risikovurdering, rådgjeving og formidling òg viktig. Veterinærinstituttet er nasjonalt og internasjonalt referanselaboratorium. Til saman er det omlag 330 tilsette fordelt på Adamstuen i Oslo, pluss einingar i Sandnes, Bergen, Trondheim, Harstad og Tromsø. Innan tre år flytter instituttet inn i nye fasilitetar på Ås i same bygg som NMBU.

2 forskere ved seksjon fiskehelse

Veterinærinstituttet Avdeling for Fiskehelse

Seksjonen har for tida 9 tilsette, og er lokalisert saman med Mattilsynet avdeling Midtre Hålogaland.

Arbeidsoppgåver

Det er eit mål at personen som vert tilsett i denne stillinga òg skal vera med å auka den eksterne oppdragsverksemda vår, og det er ønskeleg med kjennskapar til og interesse for regional næringsstruktur innan relevante område. Person som vert tilsett forventast å driva prosjektakkvisisjon og gjennomføra prosjekt på oppdrag frå oppdrettnæringa. Det vert forventa av vedkomande å knyta kontaktar mot eksisterande kunnskapsmiljø i regionen, og å samarbeida med dei øvrige einingane til veterinærinstituttet i prosjekt- og forskingssamanheng. Det vert difor søkt etter personar som særskild kan tenkja seg å jobba tett opp mot oppdrettnæringa og andre forskingsmiljø i tilhøve til helse og velferd hos fisk i oppdrett. Personane vi søkar må òg kunna delta i rutinemessige oppgåver innanfor relevant diagnostikk. Ein del ferdaktivitet vil kunna påregnas.

Kvalifikasjonar

  • Det vert søkt etter veterinær eller fiskehelsekandidat fortrinnsvis med doktorgrad innan relevant område.
  • Røynsle frå arbeid i oppdrettsnæringa og kjennskap til næringa vert tillagt stor vekt.
  • Røynsle og kompetanse innan diagnostikk av fiskehelse vert tillagt betydeleg vekt.
  • Person som tilsetjas må kunna kommunisera skriftleg og munnleg på norsk og engelsk.
  • Krav om førarkort klassa B

Personlege eigenskapar

  • God på samarbeid, oppfølgning av kundar og formidling
  • Initiativrik God på å finne løysingar
  • Evne til å arbeide sjølvstendig

Stillinga vert lønna etter lønnsregulativet til staten som forskar i kode 1108 ( kr. 482 500 579 300), 1109 ( 537 000 650 200) eller i kode 1110,( kr. 600 200 686 900) avhengig av ansiennitet og/eller kvalifikasjonar. Frå løna blir det trekt 2 % til Statens pensjonskasse. Veterinærinstituttet har avtale om eit inkluderande arbeidsliv (IA-bedrift). Vi kan tilby fleksibel arbeidstid/sommartid, eit godt arbeidsmiljø og medlemskap i Statens Pensjonskasse med gode forsikringsordningar.

Den statlige arbeidsstyrken skal spegle mangfaldet i folket. Difor er det eit personalpolitisk mål å oppnå balanse i samansettinga og rekrutteringa av personar med innvandrarbakgrunn. Slike personer er oppfordra til å søkje.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Søknad med opplysningar om utdanning og relevant bakgrunn, saman med kopiar av vitnemål og attestar, kan du sende inn elektronisk. Bruk søknadsskjema som du finn under ledige stillingar på www.vetinst.no/Om-oss/Ledige-stillinger.

Nærare opplysningar om stillinga får ein ved i henvende seg til avdelingsdirektør Halvor Hektoen + 47 41507251 eller seksjonsleiar Geir Bornø telefon +47 770 41 567 / +47 91 11 66 49

Referansenummer: 11/18



Søknadsfrist: 26.03.2018

Arbeidssted: Harstad

Kontaktperson: Halvor Hektoen
Telefon: 415 07 251

Kontaktperson: Geir Bornø
Telefon: 91 11 66 49
General Manager29.06.2018

ATLANTIC DAWN SEAFOODS AS

Polar Quality søker Salgssjef24.06.2018

POLAR QUALITY

Tekniske ledere01.07.2018

ESTREMAR S.A

Fiskeribladet
Sandbrogaten 5 - 7
5003 Bergen
Org nr 911 650 924
Sentralbord
55 21 33 00
response.write "
" '- END page wrapper --> response.write "" response.write "" Set objFSO = nothing %>