Dette er et debattinnlegg. Det gir uttrykk for skribentens holdning.

Vi som elskar havet, vi som elskar sjømat, vi som er fødd med nordavind og saltsmak i kjeften kjenner utrykket svært godt: «Å stå han av». Vis meg nokon andre i norsk historie som utrykket passar betre til enn Steinar Bastesen.

Med vemod og takk

Eg skriv med vemod og takk. Det gjorde verkeleg vondt å få meldinga om Steinar sin bortgang. Det er sju år sidan eg stod på talarstolen som skårunge og såg ut over ei forsamling med erfaring lang som eit enormt hav. Eg hadde fått oppgåva med å leie Merkevareforeningen Norsk Hval. Årsmøtet i Svolvær hadde samla det som var av kompetanse. I det vi pakka saman og gjekk til middag kom Steinar bort: «Øyvind, husk det, du må tørre».

Steinar vågde. Steinar sa frå. Steinar ropte ut. Kven skal no gjere det han gjorde i tiår? Eg er redd hans kamp blir vanskeleg å erstatte. Sjølv om vi har hatt fangst på vågekval i Noreg samanhengande sidan vi tok opp att fangsten i 1993, har interessa vore dalande. Kvifor? Eg vel å sitere ei strofe frå ein kjend barnesong: «Hysj, hysj, hysj, vær stille som mus!».

Det er nemleg slik det er å drive med kval i Noreg. Vi har lov å drive fangst, men vi kan ikkje ta i bruk marknadsføringsapparat som all anna sjømat har høve til. Verken godfisk.no eller Fiskesprell er det lov i dag å bruke for å fortelje fleire nordmenn at det er sunt og bra å ete kval. Det skjer samtidig som fiskeri- og havminister Cecilie Myrseth let seg sitere i ei pressemelding i samband med årets kvote: «For å nå FNs bærekraftsmål, må vi spise mer mat fra havet. Norsk hvalfangst er et lite, men viktig bidrag til sunn og kortreist sjømat.» Er det berre ord? Kva er neste steg for å følgje opp eige vedtak? Kva gjer politikarane for å nettopp kunne nå dette bærekraftsmålet i større grad?

Øyvind A. Haram, styreleiar i Merkevareforeningen Norsk Hval. Foto: Julie Arntsen (arkiv)

Stille som mus

Steinar tok i si tid kampen for å gjeve oss lov til å halde fram. Han stod i mot hasardiøse aksjonistar og brukte ein kvar mogeleg sjanse til å snakke kval. Eg opplev i stor grad at dersom eg prøver å løfte tema kval i sjømatsamanheng, så blir eg sett på som brysom. «Åh.. Øyvind, jada, det er viktig, men nå er det andre ting vi må snakke om, som er større og viktigare». Kven skal tørre å gjere seg brysam nok, slik at politikarane lyttar og tek grep? Eg opplev at om eg er høfleg og vennleg, så blir eg møtt på: «Ja vi skal se på det» I etterkant skjer det ingenting.

Dei siste åra har det blinka varsko frå fleire miljø. Fiskarar som er i havgåande flåte, ringnotbåtar som opplev at det koker av kval rundt kasta etter lodde eller sild. Forskarar melder om meir kval. Vi i Noreg driv berekraftig, det blir meir kval. Ironisk nok auka og statsråd Myrseth kvota i 2024 frå 1000 til 1157 dyr. Utfordringa er berre, vi fangstar halvparten? Kvifor? Interessa i daglegvarebransjen i Noreg er ikkje stor nok. Sidan vi må vere stille som mus, så er det utfordrande å få større omsetnad på det heile.

Vi som driv kvalfangst har difor eit ønskje for 2024. Rasjonaliteten, forsking, utfordingar med overforbruk i Noreg på kjøt frå landbruket gjer at alt ligg til rette. Vi etterlyser berre nokon som tørr å ta tak. Steinar er her ikkje lenger. Kven tek over arven?