Dette er et debattinnlegg. Det gir uttrykk for skribentens holdning.

Regjeringa som var i gong med gjenreisinga av landet etter andre verdskrigen, fekk det for seg at trålarar var det som skulle til for å skaffa råstoff til heilårleg drift i fiskeindustrien på land. Dette ville ikkje leiaren av Fiskarlaget, Jens Steffensen frå Vesterålen, vera med på. Som stortingsmann for arbeidarpartiet og leiar av fiskerikomiteen fekk han fleirtal i stortingsgruppa si mot regjeringa sitt forslag. Statsministeren laut difor basera seg på hjelp frå dei borgarlege for å få fleirtal for framlegget sitt.

Knut Vadla, småbrukar, lærar og blåskjeldyrkar Foto: Privat

Trass i dette heldt Jens Steffensen fram kampen mot eiga regjering. Han hevda at fiskarane sjølv no burde få kontrollen med fiskeria, sidan regjeringa hadde opna for at kapitalinteressene skulle få tilgjenge til fisket.

Folket som budde i dei talrike fiskeværa langs kysten, dreiv eit skånsamt ressurs og miljøvennleg fritt fiske med passive reiskap som juksa line og garn. Om ikkje rikdommen alltid var så stor, så hadde dei på mange måtar eit godt og meiningsfullt liv. Steffensen var ein stødig talsmann for fiskarane som såg galskapen i det dei politiske landkrabbane var i ferd med å innføra.

Enden på visa vart at statsminister Einar Gerhardsen, fiskeriminister Reidar Carlsen og LO-sjefen Konrad Nordahl drog eins ærend til landsmøte i Norges Fiskarlag i 1952. Her fekk dei tre hindra attval av Steffensen som formann, trass i den solide posisjon mannen hadde i laget.

Eit jerngrep

Den statlege støtta til denne industrialiseringa av fiske medførte ein stor overkapasitet i fiskeflåten, som bidrog til den økokatastrofen som ramma Barentshavet og Norskehavet på slutten av 1980-talet, då dei viktigaste fiskeslaga var blitt sterkt nedfriska. Den kapitalintensive norske og internasjonale trålflåten fiska ned torskefiskeartene utover frå 1980-talet, slik at mengda av torsk, hyse og sei blei gradvis redusert.

Reint gale bar det av stad då trålarflåten begynte med kjøp og sal av dei store verdfulle kvotane dei hadde til låns av fellesskapets ressursar. Alle veit jo at me har ikkje lov å selja det me har lånt. Ikkje nok med det, trålreiarane fekk nær frie hender til å samla seg så mykje kvotar dei evna. Alt utan heimel i norsk lov. Dei sat med den norske fisken i eit jerngrep. All kapitallaus ungdom var utestengd.

Katastrofe og fadese

I 1990 var torsken godt som fiska opp, alt fisket blei nedstengt, og omregulert. Dei som fanga minst og som fangsta med dei mest selektive og skånsomme reiskapane, blei pressa ut.

Tusenvis av kystbebuarar, småfiskarar som ingen trussel var mot ressursane, blei fråtekne sin hevdvunne rett til fritt å skaffa seg ei inntekt av havet med dei tradisjonelle fangstreiskapane sine. Folk som hadde rodd fiske eit langt liv fekk ikkje lenger lov å fiska meir enn akkurat til eige konsum. Dei hadde ikkje lov til å setja meir enn eitt garn eller ei line. Dei fekk ikkje eingong gi bort fisk.

Trålarane som eine åleine var innførte som eit supplement for å skaffa råstoff til fiskeindustrien på land, og som nå hadde forårsaka krisa, fekk alle halda fram. Småfiskarane var smålåtne og vant til å klara seg sjølve. Mange av dei hadde sett heimane sine gå opp i flammar. Dei bøygde seg for overmakta.

Dette er den største katastrofen og politiske fadesen som har ramma vårt land i fredstid. Heile vår kystkultur er langt på veg utradert. Og ingen plass har det ramma hardare enn i Finnmark og Nord-Troms som blei brent under krigen. Dette er ein skamplett på vår nasjon.

Ikkje selektiv nok

Trålfiske er den desidert dyraste måten å fanga fisk på. Trålarane fangstar langt til havs i oppvekstområdet på små fisk, og drep dessutan kollosale mengder yngel og småfisk.

Det er langt billigare, meir miljøvennleg og naturleg å ta fisken då han som vaksen kjem inn til kysten for gyting. I Skagerak der dei fiskar med trål minkar fisken drastisk, mot i Øresund der dei aldri har drive med tråling, der held fiske seg stabilt, og med mykje større fisk.

Med eit meir miljøvenleg kystnært fiske frå mindre båtar med passive fiskereiskap, kan me etter all sannsynleghet ta opp fleire gonger så mykje fisk som me gjer i dag. I hovudsak leverer trålarane nå sin fisk i frosen tilstand direkte til bearbeiding i utlandet, og har såleis lite bruk for vår kyst.

Trålen er i prinsippet ein rovreiskap som fangar alt, og som aldri kan gjerast tilfredsstillande selektiv. Trålfiske må utfasast både nasjonalt og globalt jo før jo betre. FNs forskingsrapport: «In dead water» som kom i 2008, fastslår at trålen er den verste fiskereiskapen som blir brukt i havet. Rapporten tilrår FNs Generalforsamling å forby trålfiske i heile verda.

På lag med naturen

Som den store fiskerinasjonen me er, bør me føla ansvar for å arbeida for eit nasjonalt og globalt forbod mot tråling. Det vil kunna bli ein vinn-vinn-situasjon for verdas matvareforsyning. Som alle vil forstå så har industrialiseringa med trålfiske vore eit alvorleg feilskjer. Me hadde ein tusenårig tradisjon med kystnært fiske. Me må spela på lag med naturens lover, og pleia havet så det kan yta maksimalt.

Berre på den måten kan me gjera oss von om å byggja opp igjen ein levande kyst kor tusen på tusen vil bu. Me har ein spanande og attraktiv kyst, og forvaltar me havet med kløkt, kan me forventa å kunna hausta av kollosale fiskemengder.

Men, fisken er folkets eigedom. Kjøp og sal av fiskekvotar har framleis ingen heimel i norsk lov, og tener korkje folket eller fiskaren. Kjøp og sal av fiskekvotar tener heilt andre krefter, og er det første som må avviklast. Berre slik kan ein ta tilbake styringa med fiskeripolitikken