Dette er et debattinnlegg. Det gir uttrykk for skribentens holdning.

Den 4. mars 2022 vedtok eit samla Storting ein nullvisjon om at ingen fiskarar skal omkomme på havet. Vedtaket kom etter eit representantforslag frå Høgre, og blei etter initiativ frå fiskeri- og havminister Bjørnar Skjæran under stortingsbehandlinga utvida til òg å omfatte alle sjøfolk.

I representasjonsforslaget blei det gjort greie for at ein nullvisjon føreset eit langsiktig, systematisk og målretta arbeid og at det bygger på tre grunnpilarar: Etikk, vitskap og at alle aktørar på det aktuelle området tar ansvar.

Naturleg plass i alle meldingar

Ein nullvisjon krev òg at ein set det som skjer inn i ein større samanheng, og ikkje berre har merksemd på den enkelte hendinga og ulykka.

Kort sagt skal ein nullvisjon gjennomsyre alt arbeid og tenking om fiskarane sin arbeidsdag på sjøen, og bør ha sin naturlege plass i alle meldingar og planar for fiskeria våre.

Nyleg la fiskeri- og havminister Cecilie Myrseth fram kvotemeldinga for fiskeria. Eit søk i dokumentet på nullvisjon eller for den del dødsulykker, drukning eller mann over bord, gir ingen treff. Heller ikkje finn ein ord som HMS, velferd, helse eller sjukdom i kvotemeldinga. Den einaste ein finn er at ordet «sikkerhet» går igjen nokre ganger.

I alle hovudsak gjeld dette omtale av samfiskordninga og den foreslåtte ID-kvoteordninga, kor mannskap på to blir trekt fram som argument for den nye samanslåingsordninga. Det synest eg sjølvsagt både er bra, og noko eg òg er samd i.

Havarikommisjonen vil ha krav om varsling i aleinefiske. Ein fiskar omkom i fjor etter ei hending på sjarken «Otterøy». Foto: Barentsdykk (Arkiv)

Ikkje eit einaste spor

Men nullvisjonen – eller tema knytt til sikkerheit og helse – har rett og slett ikkje fått nokon eige plass i kvotemeldinga.

Vi kan faktisk ikkje sjå eit einaste spor etter den vedtatte nullvisjonen i det mest sentrale dokumentet regjeringa presenterer for fiskeria våre. Fråværet av omtale av dei aller viktigaste i fiskeria våre, nemleg fiskarane våre, kjem særskilt til syne i siste kapittelet.

Kapittelet 11 i kvotemeldinga er nemleg via konsekvensane av meldinga, eller som det heiter: «de anslåtte samlede effekter av tiltakene, med hensyn til samfunnsøkonomiske, distriktspolitiske, miljømessige, og administrative konsekvenser, i tillegg til konsekvenser for samisk kultur og næringsutøvelse.»

Kvotemeldingen ble lagt fram av fiskeri- og havminister Cecilie Myrseth (Ap) i Tromsø 12. januar Foto: Silje Helene Nilsen (arkiv)

Kvotemeldinga har altså eit eige kapittel om konsekvensane av tiltaka i meldinga, men brukar ikkje eit ord på sikkerheit, helse eller for den del velferda til fiskarane våre. Det viser dessverre at regjeringa verken har tatt innover seg Stortingets vedtak om nullvisjon, eller det den sjølv har sagt om temaet.

Slåande

Forskjellen til eit anna område kor vi òg har ein nullvisjon er slåande. Då Høgre og underteikna tok til orde for ein nullvisjon for fiskarane våre, hadde vi nullvisjonen i trafikken for tankane. Den sentrale dokumentet for trafikken vår er Nasjonal transportplan (NTP). Her er situasjonen ein heilt annan. Her er nullvisjonen eit gjennomgåande tema i heile dokumentet, og det har òg fått sitt eige kapittel på nesten 20 sider.

Nyleg omkom ein fiskar etter i ulykke i Lofoten. Foto: Sisilie Skagen/Stamsundværing (arkiv)

Eit kort blikk på eit anna tradisjonelt næringsområde i landet viser det same. I regjeringa sin proposisjon til Stortinget om jordbruksavtalen for 2023-2024 er for eksempel HMS og velferdsordningar for bøndene våre nemnt mange ganger. Det synest eg bra, ikkje minst fordi vi veit at bøndene dessverre er utsett både for ulykker og uhelse.

Høgre sitt representantforslag vinteren 2022 bygde på eit innlegg eg hadde hatt i Fiskeribladet. Der blei det gjort gjeldande at det var på tide å legge bort den gamle tankegangen vi har hatt i hundrevis av år om at «havet gir og havet tar». Vi må rett og slett få fjerna denne kollektive «aksepten» for dødsfall i fiskeyrket, eg er redd samfunnet vårt framleis har.

Tragiske ulykker

Denne månaden kunne Fiskeribladet melde at det har omkomme 155 fiskarar sidan 2000, og berre den siste tida har det skjedd fleire tragiske ulykker. Det går dessverre altså ikkje rett veg. Framleis må lokalsamfunn langs kysten oppleve forlis og tragediar, og framleis må etterlatte leve med ei vond uvisse om korleis livet til deira kjære tok slutt.

I Fiskeribladet kunne vi òg lese at Sjøfartsdirektoratet som ei oppfølging av nullvisjonen nå arbeider med ein konkret handlingsplan.

Det er bra, og eg ser fram til planen og håper at den gir resultat. Det må likevel gjerast meir.

For kvotemeldinga viser dessverre at vi framleis ikkje har tatt inn over oss at det må skje heilt grunnleggande endringar i haldningane og tankesettet vårt.